Map1 click to navigate
[English] [German] [Guestbook] [Tine.no]


Text-only surfers are missing some important information

Brunost med kvalitet -
vår spesialitet.

Visitor nr.



Diplom - 54.21 K


Ingen frukost utan brunost, inga nistepakke utan vår trufaste følgesvenn. Brunost har i lange tider vore ein av grunnpilarene i norsk kosthald, og den er like populær hos små og store. Det skulle denne diplomen vere eit bevis på, eit resultat av ei avrøysting i 1991.Brunost er godt pålegg, og kan vere ein smakfull ingrediens i sausar, salatar og når vi bakar. Brunost finst i butikkane i mange variantar.




GUDBRANDSDALSOST G 35
TINE Gudbrandsdalsost er laga av myse, tilsett mjølk, geitmjølk, fløyte og jernsulfat. Den er typisk norsk og vart fyrste gong laga i Gudbrandsdalen for over 130 år sidan. TINE Gudbrandsdalsost er litt fast, men skal vere smidig og skivbar med høvel. Type Misvær lys har ein rein og søt smak. Vanlig Gudbrandsdalsost har ein rein, svakt syrleg og søt smak, medan Heidal mørk smakar noko meir karamellaktig. Alle tre variantane har ein tydeleg geitsmak som gjev osten eit fyldig preg. Feittinnhaldet er 29%.

Bruksområde:
Dette er ein typisk påleggsost, men egnar seg også til matlaging.

EKTE GEITOST
TINE Ekte Geitost er laga av myse frå geitmjølk, tilsett geitfløyte, geitmjølk og jernsulfat. Geitosten har lange tradisjonar i Norge. Den er litt fast, men smidig og skivbar med høvel. Smaken er syrleg, søt med ein karakteristisk geitsmak. Feittinnhaldet er 27%.

Bruksområde:
Dette er en typisk påleggsost, men kan også brukast i matlaging som smakfull ingrediens i sausar o.l.

HALVFEITE OG MAGRE BRUNOSTVARIANTAR
TINE Lettere Gudbrandsdalsost, TINE Lettere Fløtemysost og TINE Mager Mysost er tradisjonsrike brunostar med redusert fettinnhald. Ingrediensane i TINE Lettere Gudbrandsdalsost: Myse, geitmjølk, melk, fløyte og jernsulfat. TINE Lettere Fløtemysost: Myse, mjølk, fløyte og jernsulfat. TINE Mager Mysost: Myse, mjølk, sirup og jernsulfat. Ostane er lett faste og skjærbare med høvel. Dei har ein rein, svak syrlig og søt smak. TINE Lettere Gudbrandsdalsost har i tillegg ein tydeleg geitsmak som gjev osten eit fyldig preg. Feittinnhaldet for TINE Lettere Gudbrandsdalsost: 16%. TINE Lettere Fløtemysost: 18% feitt. TINE Mager Mysost 7% feitt.

Bruksområde:
Typiske påleggsostar for dei som ynskjer eit magrare påleggsalternativ.
FLØTEMYSOST
TINE Fløtemysost blir laga kun av komponenter frå kumjølk, og har derfor ein mildare smak enn annan brunost. Ingrediensane er myse, mjølk, fløyte og jernsulfat. Den søte mørke varianten heiter Innherred og er tilsett sukker. TINE Fløtemysost er litt fast, men smidig og høvelbar. Smaken er svakt syrleg og søt. Den søte mørke varianten har i tillegg ein antydning til brent smak. Feittinnhaldet er 27%.

Bruksområde:
Dette er ein typisk påleggsost som smakar godt på brød, knekkebrød, boller, lefser, vafler ol.

PRIM, TINE MAGER PRIM OG TINE PRIM MED VANILJESMAK
Smørbar brunost. Tradisjonsrikt pålegg som har vore i brunostsortimentet i mange år. Ingredienser TINE Prim: Myse, fløyte, sukker, konserveringsmiddel og jernsulfat. TINE Mager Prim: Myse, sukker, konserveringsmiddel, aromastoff og jernsulfat. TINE Prim med vaniljesmak: Myse, fløyte, sukker, aromastoff (vanilje) jernsulfat og konserveringsmiddel. Primen er smidig og smøremjuk. Smaken på TINE Prim er mild og søt. TINE Mager Prim smakar mild, søt og karamellaktig. TINE Prim med vaniljesmak er mild og søt med vaniljesmak. Feittinnhald: TINE Prim 8%, TINE Mager Prim: 4% og TINE Prim med vaniljesmak: 14%.

Bruksområde:
Egnar seg godt til pålegg på brød og til lefsefyll o.l.




This page is about somthing regarded as the most Norwegian you can get; "Gjetost ceese". Ingredients are: whey, milk, goats milk and cream. In many countries you may be so lucky to get your hands on this uniqe cheese. For the U.S. and most citizens in EC countries there are a special package available:

sq2.gif - 16.934 K

Norway.
Delight your family and your guests the Norwegian way with this gloriously good golden brown cheese, a uniqely different taste treat.

Serving Suggestions:
Delicious whith butter or preserves on crispbread, crackers or biscuits...Great whith fresh fruit or crunchy vegetables...Perfect for breakfast, lunch or snacktimes. (Or when surfing on the net ?). Popular at partytime for a "sweet" cheese flavor on your cheese board or dessert tray of appels, pears and melon wedges.
Best served in wafer thin slices or curls - use a cheese plane or thinbladed knife.





Norgold - die einzigartige Spezialität aus Norwegen. Echt norwegishe Gjetost aus Molke. Natürlich-süss und gesund. Im meisten EU Länder können Sie diese spesiellen Käse kaufen, aber die Verpackung kann varieren.

norgold.gif - 47.973 KHartkäse - Molkenkäse. Unter verwendung von Ziegenmilch hergestellt. Bitte benutzen Sie einen Käsehobel zum Schneiden.


Käse aus Norwegen.



SKI QUEEN.



Mange av brunostvariantane blir laga kun hos
landets kanskje beste brunostprodusent:
Østlandsmeieriet Lom & Skjåk

Skriv deg inn i gjesteboka !!


Oppdatert 29. Januar 19©97 av Geir Ove Skjåk - geiroves@login.eunet.no

The Tine logo and name are reg. trademark's. Ski Queen, Norgold and other produktnames in this text may be "trade mark's"