Les Alpes Maritime
Stord Paragliderklubb
.

Dei som fór:
Erlend.

Ka tid:
Juli 2001

Kor hen:
Nice - Grasse - Gourdon - Greoliere -
Col de Bleine - St.Andre - mm,
dvs Alpes Maritime i Frankrike.

 

Denna turen tok eg åtleine. Kona mi kom ner på motorsykkel og fekk seg eit par flyturar i tandem óg.

Sørfrankrike er ein flott stad for parapilotar, vindrikkerar, matelskerar, og nytarar av livet i det heile.

Ei veke med flytur og leigebil kostar deg omlag 6000 kr pluss mat.


Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik !!!

 

Gourdon:

S- SW
50m diff.

Om formiddagen ein krevande termisk stad, om ettermiddagen eit silke-heng som er godt å koble av med etter at du har skrudd sinnatagger andre stader.

 

Kjør frå Nice - Grasse - Gourdon. Drikk kaffi der. Kjør deretter den vegen som går rett oppover i landet frå byen. Ti minutt seinare - i nåkre spagettisvingar, går ein krøttersti til venstre til start/landing. Det er skrivd noko på asfalten der. Denne flystaden er ikkje noko særs, men er svært praktisk av di her er flotte topplandingsforhold. Du kjører opp til starten, jaja går ein hundre meter, legg ut, flyg kor lenge du vil, topplandar på vide grassletter att med bilen, reiser heim og rekk middagen. Om du er ein klums misser du nok høgd til at du må lande på ein lågare landing - då får du ein spasertur opp igjen. Om du er ein eventyrar legg du ut på ein long skli / termikk tur, og landar i byen Bar sur Loup, kor Ozone held til.
I tida 13-16 kan det være noko harde startforhold, men kjem du fyrst i lufta er det tåleg greit.

 

 

 

Starten ligg på (krøtter) vegen til eit observatorium langs ein steinete åsrygg. Den fyrste er for de erfarne, den hundre meter lenger opp er for pyser og elevar. Det er denne som er synleg på bildet, den andre ligg neranfor og bakanfor haugen midt i bildet.

 

 

 

 

Bilete syner utsikta, landing bak til venstre, Bar sur Loup ligg bakom den kløfta du kan sjå til venstre over høgre skotuppen min. Prikken er ein pg.

Greolieres :

SE - SW
300, 600, 700m diff

 

Også denne gongen reiser du til Gourdon, men fortsett rett fram og fylger skiltinga 20min til Greolieres. Der kjører du ikkje inn i byen (?! 200 innbyggerar), men tar til venstre mot skulen- og så ser du den store nydelege landinga. Kvar dag kl0900 og kl1500 kjører Pierre elle nokre av hans folk opp til øvre start om morgonen, nedre start om kvelden(35FF). Ein Landrover har vist seg å kunne ta opp til 16 flykåte pilotar med pgane på takgrinda. Frå 10 - 12 er det flott termikkstart, så blir det vel sterkt, og så om ettermiddagen kjem solgangsbrisen og lager heng på nedre start. Pierre driv ein klubb og kursar med ein svært høg kvalitet.

 

 

  Her ser du frå øvre start og austover. Det var litt tidleg (kl10) så derfor satt me og venta ein time.

 

  Friflygerane tar av. Eg gjekk ut sist, då var klokka nærmare tolv og det stod ein sekser inn på start. Fint.

 

  Dette er teke frå eit stykke neranfor øvre start og syner elevstarten som ligg 100 høgdemeter lågare, litt lenger borte i skråninga. Du ser her i retning aust. Kona fauk tandem med instruktøren, Pierre, og då skulle han sjølvsagt fyke ifrå meg og la ut på XC. Han fauk seg opp til venstre kanten på bildet og deretter langs og oppover fjellsida. Eg hang på

 

  Dette er tatt i andre retninga, etter at eg eg hadde hengt på 7km langs fjellsida og Pierre gjorde eit vendepunkt utover dalen. Eg er her omlag 1000m over landing og 1700moh.

 

  Dette er utsikta frå ei boble over øvre start - retning austover. Rett under høgre hjørna ligg elevstarten. Neste gong eg er nerover skal eg forsyne meg grovt av moglegheitene til å fyke XC.
Den masta eg ser attende på i bildet over, kan du såvidt sjå heilt til høgre på fjellrekkja.

 

  Kona tok sjølvsagt og nokre fine bilete. Dette syner meg sjøl i min nye Ozone Octane der eg klorer termikk for å henge på hersens Pierre som har fóre med kona mi. Det var høgtrykk og trongt å finne løft den dagen.

 

  Gode støvlar er godt å ha. Landinga er rett mellom føtene mine, Greolieres er under høgre støvelen, og eg fyk mot S-SV. Fint?

 

  I venstre, nedre hjørna ligg nedre start (300mol) som er fin særleg om ettermidagen. Då finn du ein fin blanding av solgansbri og termikk å leike deg i. Midt i bilde ligg Greolieres, og den grøne sletta er landing.

 

  Her er eg i ferd med å lande etter formiddagsturen i helane på Pierre (1t). Midt på dagen er det tåleg mykje termikk og akkurat her var eg iferd med å sikte meg inn på landing att med Pierre og kona (!), men så kom ei boble og eg skrudde like godt 360 og landa deretter 'spot on'. Det er så stor og god plass, at om det går litt opp gjer det ingenting. Du kan ikkje bomme på landinga.

 

 

Når du har landa ser du sjølvsagt opp mot starten og der kjem den feite cumulusen du hadde venta på... Men nå er det berre å rusle opp i gata og få seg ein god fransk lunsj, så ei kule på ryggen i sola, og så møte opp med Landroveren til Pierre seinast kl. 15.

Elevstarten ligg forresten like under midten på skya, medan øvre start ligg noko lenger til venstre.

 

Col de Bleine:

S

 

Eg var alleine med bilen og synfor denne starten, men det var ikkje mogleg å fyke der utan å ha skyss opp att (i den varmen). Det blei meg fortalt at dette var ein av dei beste utgangspunkta for XC, og då kunne ein fly austover til Greoilieres eller vestover til St.André. Du kjem hit ved å fortsette ein halv time vidare frå Greoilieres og ta til høgre i eit X-kryss og deretter sikte på ein antennetopp på åsen.

 

 

  Her står eg på starten og tar bilde mot vest. I det fjerne kan du sjå fjella ved St.Andre. Dette er ein lang åsrygg som går både vestover og austover frå star

 

  Her står eg på starten og tar bilde mot syd, og du kan sjå eit vegkryss t.v. for midten - der er landinga. Om du då ikkje lander i Greolieres, St.Andre, Gourdon eller i Geneve, trur eg det var ein som gjorde.

St.André:

 

 

Dette er vel den mest kjende flystaden i Europa. Alle pgpilotars Mekka. Landinga er utstyrt med betjent klubbhus, transport som gå til start så sant det er 4 betalande eller meir - og det er det alltid. Midt på dagen kan det være eksplosivt her, men skjeldan rufsete allikevel.

 

 

 

Eg kom rett før tolv og dei fleste hadde tatt pause i fykinga av di det var for sterkt. Best å vente til kl 17 sa dei. Det kunne eg ikkje. Me var 3 pilotar som grein oss til transport opp. Der blåste det 8-9 m/s inn på start, rein termikk. Eg venta og så korleis de to før meg gjorde dette. Akkurat - legge ut i le, skjekke liner, snøre saman vinga og bere ho fram til start, gå i stilling, nappe litt og pang! så peip de 10m/s i stig. Etter at latterskrikinga så smått gav seg fekk eg tatt dette bilde av starten der nere. Voldsom termikk, men mjuk allikevel.

 

 

 

Eg kunne sikkert ha føke longt og lenge, men dette var ein svært sterk oppleving, og etter ein halv time gjekk eg mot landing (mellom skotuppane mine). Det måtte øyrer til heile vegen ner, alt ville opp!

 

  Det tok si tid å komme ner. Her er et bilde oppover i dalen. Eg låg i ein slak 360 med øyrer og nøyt utsikten.
 

Her ser du meg komme inn for landing til den vanvittig store landinga som ligg mot innsjøen og endeleg kan by på stabil løftfri luft dei siste 50 høgdemeterane.

 

 

Her er kona, Grethe, pg-bilen min, Triumph Sprint som ho dengong kjørte (ner frå Norge), klubbhuset, og toppen med alle startane i bakgrunnen. Cumulusane ser snille ut, men...