|
||||
| Innhold Nes kyrkje Klokkarar
|
Tekst: Kristoffer Hesthag Nes kyrkje ligg fint til på Nesodden. Frå kyrkjebakken er det utsyn over Norsjø og bygdene og fjella ikring. Lifjell tronar i nordvest. Skåråfjell i nord, Haukvikfjellet i aust og Breisås i sør-vest. I nærleiken av kyrkja låg den gamle storgarden Nes, som var «kongens gard oppe på Grenland.» Eit gamalt sagn fortel at kyrkja fyrst var tenkt bygd på Kyrkjehaug litt lenger nord. Stein og tømmer var alt køyrt fram, men natta før arbeidet skulle starte, vart byggematerialane på ein merkeleg måte flytt ut til Neshaugen der kyrkja nå ligg. Ingen våga å endre på dette. Kyrkja vart bygd i tida 1100- 1150. Ho er vigd til apostlane Peter og Paulus. Vigslingsdagen (kyrmesse) var 14. september, men året kjenner vi ikkje eksakt. |