Kyrkjevegar i Nes i gamle dager

Innhold

Nes kyrkje

Kyrkjehuset

Portalane

Koret

Alteret

Kyrkjeskipet

Kyrkjeklokkene

Kyrkjegarden

Kyrkjvegar i Nes


Klokkarar

Kyrkjetenarar

Nes sokneråd

Organistar

Tekst: Hans Myrkås

 

Til Nes kyrkje kom dei ridande i den fyrste tida. Kyrkja låg sentralt. Dei kunne bruke veg, helst ridevegar, og Norsjø med båt.

Dei som budde på Stranna, nytta Norsjø både sommar og vinter.
Namnet Kyrkjestå på Nesodden fortel oss det.

Vegen frå Hørte gjekk forbi Kvimæla og over Åsåreset, fram ved Bergan og vidare ut Nesodden. Ein annan kyrkjeveg gjekk nedanfor Lindheimsgardane og fylgde elva utover.

Så seint som på 1600-talet kappreid folk til Nes kyrkje. Dei øydela kyrkjefreden og vart bøtelagt for det. Gravferdene heilt fram til på 1900-talet viser at dei bruka hestekjøretøy. Det var vanleg at kista stod i heimen til gravferdsdagen.